Tunet var ein gong ein del av eit gamalt klyngetun. Vi finn framleis bygningar frå ulike tidsepokar med ulike byggjestilar, frå ein gamal jordkjellar for poteter til eit nytt reiskapshus, bygt som grindbygg. Det som i dag er gjestehus, var våningshus fram til 1968. Eldste rommet i huset har tømmer frå 1600-talet. I 2009 vart huset totalrenovert.
 
 
Huset:
- Tre soverom med dobbeltsenger. Den eldste stova kan også brukast som soverom. I tillegg kjem to ekstramadrasser og ei barneseng.
- To fliselagde bad med varmekablar, det eine har dobbelt boblebad
- Fullt utstyrt kjøkken, inklusivt oppvaskmaskin
- Elektrisk oppvarming og peisomn
- Vaskemaskin med tørketrommel
- Parkeringsplass til fire bilar og stor hage. Gode solforhold heile året.
 
Kartveit Gjestetun
Sjå fleire bilete
Bilete.htmlBilete.htmlshapeimage_2_link_0
Heim Historie For syklistar Huset Prisar Bilete I nærleiken Kvar
Sjå fleire bilete
Bilete.htmlBilete.htmlshapeimage_11_link_0
Kontakt:
☎ + 47 456 87766
 
 Design: Maria Kartveit, Møterom 4